Vennehelga kunne like gjerne heitt søkarhelg. Denne helga er det nemleg full merksemd kring dei som ikkje går på Lundenset. Ennå. Alle søkarar blir inviterte til å komma, men helga er og åpen for andre som vil komma ein tur og sjå på om Lundeneset kanskje kan vera noko for dei ein gong i framtida.
Alle blir innlosjerte på klasserom. Helga er fullstappa med program. Det blir møter, presentasjon av skulen, haugevis med måltid, og kjekke aktivitetar. Er du usikker på om du har lyst til å flytta heimefrå, er dette eit bra høve til å prøva livet på Lundeneset ei helg.
Her kan du melda deg på. Meir informasjon om programmet kjem etter vinterferien.





















