logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Søkinga i gang

Helge Johan Stautland 10. februar 2012
Søknadene til neste skuleår har begynt å koma inn til Lundeneset. Så langt viser statistikken at me er på nivå med fjoråret.
408
Martine har gått to år på Lundeneset, og leverer søknad også for neste skuleår. Då blir ho russ! Foto: Helge Johan Stautland
Så mange som 86 elevar har søkt skulen, og det er endå tidleg på året.
 
- Tal frå same tidspunkt i fjor viser at me ligg litt høgare i år. Me gler oss spesielt over at me i år har mange fleire søkjarar til VG1 service og samferdsel, opplyser Torleiv Åreskjold, studie- og administrasjonsleiar ved Lundeneset.
 
Her kan du finna meir informasjon om søking
 
Han ser gjerne at fleire søkte VG3 påbygging til generell studiekompetanse.
 
- Dessutan har ingen VG3 medium og kommunikasjon som førsteval, legg han til.
 
I byrjinga av mars byrjar skulen å senda ut opptaksbrev til dei som er komne inn. Sjølv om søknadsfristen er 1. mars, går det an å søkja seinare. Då hamnar ein automatisk på venteliste med dei som søkte før fristen.
 
Åreskjold understrekar at det har blitt litt strengare for søkjarar frå Rogaland dette skuleåret. Dei er nøydde til å søkja både på VIGO og på papir til skulen. Dette året vil skulen vera strengare med at ein ikkje tek opp søkjarar som ikkje har det same valet også i VIGO. Men eleven kan ta kontakt med inntakskontoret og endra VIGO-søknaden.
 

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene