Dei fleste som var på besøk går i 10. klasse, og får fri frå ordinær undervisning for å orientera seg om skuletilbodet ved andre skular. Men blant besøket var det òg elevar som allereie er i gang med vidaregåande opplæring.
- Eg er her fordi eg vurderer VG1 på Lundeneset. Eg har høyrt mykje bra om skulen, at det er veldig sosialt å gå her, fortel Ingvild Amalie Reinemo frå Stord.
Med seg har ho veninna Marie Langeland. Ho går VG1, og kan tenkja seg å ta påbygg på Lundeneset når den tida kjem.
- Det er eit veldig bra opplegg med open dag. Kjekt å få omvising på skulen, seier Marie.
Ungdommane fekk først litt informasjon om skulen og søking, før dei blei servert pølser og brus i gymsalen. Innslag ved russen stod òg på programmet. Deretter fekk dei omvising i grupper av elevar i 2SE og 2ME.
Elevane dette året kom frå Ølen, Haugesund, Frakkagjerd, Skånevik, Vikedal, Skjold, Fogn, Karmøy, Klepp, Sauda, Randaberg, Stord, Bergen og Tysvær





















