logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Stort fleirtal for KrF

Helge Johan Stautland 8. september 2009
Fekk elevane på Lundeneset bestemma, ville det nye Stortinget vore sett saman av 58,5 prosent KrF-kandidatar.
211
Maria Byrkjedal, Linda Dirdal og Gunhild Lygre registrer seg hjå Per Ølfarnes for å røysta ved skulevalet på Lundeneset. (Foto: Anne Karine Stautland)

Tysdag røysta 162 av 179 elevar då skulen stelte til skuleval. Dette er ein deltakaroppslutnad på 90,5 prosent.

Etter Kristeleg Folkeparti på lista kom Senterpartiet med 24,5 prosent av røystene, Framstegspartiet (5,7 prosent), Høgre (4,4 prosent), Arbeidarpartiet (2,5 prosent), Venstre (1,3 prosent) og Kystpartiet (1,3 prosent). Sosialistisk  Venstreparti, Pensjonistpartiet og Rødt fekk alle tre 0,6 prosent av stemmene kvar.

- Mest overreskande var det kanskje at Sp fekk så mange røyster. Men Senterungdommen hadde ein god ungdomspolitikar i skuledebatten ved Lundeneset sist veke, uttalar valansvarleg Dagfinn Våge ved skulen.

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene