Dette året gjekk turen til Røldal skisenter for dei som ville utforska kombinasjonen ski/brett og tyngdekraft, medan ein flokk langrennsløparar parkerte på Seljestad og prøvde seg i løypene rundt Korlevoll.
Ein del elevar var med til Seljestad utan ski. Dei fekk tida til å gå med pølsespidding, kakaokoking og diverse aktivitetar i snøen.
Det var mykje snø i fjellet, men mildvêr og regn dei siste dagane hadde ført til ein del vatn både i og utanfor løypene.
Vêrmessig vart skidagen svært representativ for årstida: Regnbyger, snøbyger, sol, og ein del vind.





















