Ikkje berre det, å rydda etter samtlege 180 elevar meistrar dei òg med glans.
I helga var det Lilly og Thea Marie som hadde ansvar for å laga til kvelds. På laurdagar blir måltidet kalla kaffikvelds, fordi det som regel er kaffimat i tillegg til ordinær brødmat. Måltidet byrjar kl 17, og ein halvtime før ventar jentene utålmodig på at tilsyn skal koma og låsa opp kjøkenet. Smilande og med strålande humør tek dei fatt på oppgåvene: Skjæra opp brød, kutta grønsaker, fylla på mjølk i dispenserane, koka kaffi, setja ut pålegg og sjå etter at det ikkje blir tomt på fata.
Når måltidet er over, skal det ryddast. Då får dei matansvarlege hjelp av eit oppvaskteam på tre personar. No går det slag i slag. Oppvaskmaskina, modell “storkjøken”, meistrar gjengen som om dei aldri hadde gjort anna heile sitt liv. Borda i matsal0,en blir vaska, og bestikk, glas og tallerkar blir sett på plass. Tilsyn låser kjøkenet att, og ser samstundes etter at alt ser reint og flott ut. Det gjer det, alltid.
Som elev på Lundeneset får du altså fleire typar oppgåver som kjem fellesskapet til gode. Det set både elevar og tilsette stor pris på!





















