logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Tilbake på Neset

Kåre Vignes 22. september 2011
Preben Solvang og Rune Espevik var russ 2010. No er dei tilbake på Lundenset. På møteveke. Og dei tykkjer det er triveleg.
376
To framtidige geografilærarar?

- Det er kjekt å treffa så mange gilde folk! Det er Preben som utbryt dette då han blir beden om å seie korleis er å vere tilbake på Lundeneset eit drygt år etter at han gjekk ut av påbyggsklassen. No går han på Fjellhaug, men i fjor var han langt av garde - like til Bolivia. Der jobba han mellom anna på den norske skulen. Rune går i klasse med Preben på Fjellhaug, og i fjor jobba han i Haugesund og omegn som barne- og ungdomsarbeidar.  -Det er veldig gøy å treffa kjente fjes mellom elevar og personale. Og det er godt å ha eit andeleg fokus medan eg er her, seier han.

På Fjellhaug går dei på Teneste--linja, og då misjonær Marit Andersen spurde om dei ville vera med til Lundeneset på møteveke, var det inga tvil om at dette var noko dei ville takka ja til. - Eg har berre vore her på sommartreff etter at eg slutta på skulen, så det er veldig stas å koma hit medan det er "gang på sakene", seier Preben. Han har truffe att både folk han gjekk på skule med og personalet på skulen, og det meiner han har vore svært triveleg. Rune har vore her oftare etter at han slutta, men tykkjer alltid det er stas å koma til Lundeneset. - Det er jo liksom litt som å koma heim då, avsluttar den utflytta Ølensvågbuen.

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene