Mats Olav Mikkelsen Lepsøe (2 ME) røysta på Senterpartiet. Han fortel at grunnen til det var skuledebatten veka før, der Senterungdomens representant presenterte mange gode saker på ein god måte. - Eg likte det han sa om at dei ville få førarkortet inn som valfag i skulen. Det vil nok redusere fråveret ein del elevar har på grunn av at dei må ta køyretimar. Dei vil òg senke prisen ein del, seier Mats Olav, og legg til at han og tykte om det partiet sa om kortare skuledagar.
Tom Kristian Rage (3 MP) røysta Arbeiderpartiet. Grunnen er at han liker hjartesakene. Han tok òg ein valtest i førevegen der resultatet vart AP. - Eg ligg mellom KrF og AP. Men eg vil ikkje ha FrP i regjering. Eg likar at dei vil arbeide for betre politilønn, og så eg er samd med dei i det som går å utanrikspolitikk og bistand, seier Tom.
Marta Lodden (1 ME) røysta Kristelig Folkeparti. - Eg syntes det var det rette alternativet for meg, for dei har dei same synspunkta eg har. Eg liker at dei er i mot den nye ekteskapslova og abort.





















