logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

UiB, Kjemisk og Matematisk institutt

Per Ølfarnes 23. november 2011
Tredjeklassen skal snart velge studier, og forrige torsdag var det tur til Bergen for å sjå på studietilboda ved Universitetet i Bergen, matematisk og kjemisk institutt.

Bergen er ein mangfaldig studieby. R2 og Kj2-elevane ved LVS var på tur til Universitetet i Bergen. Slekta til Ann Elizabeth sytte for overnatting. Elevane måtte likevel opp i otta for å rekke alle gjeremåla på studiedagen. Fyrst var det informasjon og matematikktest ved matematisk institutt. Grovt sett tilbyr dei studier i teoretisk og anvendt matematikk. Ein doktorgradstudent frå Haugesund prøvde etter beste evne å motivere for matematikkstudiet. 

Etter det var det inn til kjemisk institutt for å gjera avanserte analyser. Så gjekk turen til Vil Vite senteret der det var fortsatt fokus på kjemi. Det er i år "kjemiens år" og dermed godt tilbod til å utforske ulike kjemiske aktiviteter der.

Etter ei lang økt med teori og informasjon gjekk turen til Iskanten i Loddefjord. Der var det kamp på glattisen. Curling er ingen enkel sport, men svært underhaldande.

Etter turen var elevane samde om at Bergen var ein framifrå studieby, men det var nok andre studier enn matematikk som stod øverst på ønskelista. Så var i alle fall det avklart.

Sjå biletserie frå Bergens-turen her!

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene