logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Vatn til Etiopia

Anne Karine Stautland 5. januar 2011
70 110 kroner til bygdeutvikling i Raytu i Etiopia blei resultatet etter "Gi-en-dag".

18. november i fjor var elevane ved Lundeneset vgs opptekne med «Gi-en-dag» (Lundeneset sitt svar på «Operasjon Dagsverk»).  Elevrådet ved skulen hadde bestemt at pengane som vart samla inn skulle brukast i eit bygdeutviklingsprosjekt i Raytu, som ligg i låglandet i Aust-Bale i Etiopia. Mange av dei som bur der er halv-nomadar som lever av dyrehald, og sidan det er eit område med lite nedbør, må folk flytte rundt for å finne vatn og gras til dyra sine.


- Gjennom dette prosjektet har ein fokus på leseopplæring, helse, hiv/aids, vatn og å gi råd innan jordbruk, seier Sigurd Lende, som er ein av elevrådet sine ansvarlege for innsamlinga. Prosjektet, som blir drive av NLM, legg òg stor vekt på aktiv deltaking frå lokalsamfunnet.


Sigurd Lende fortel at elevane har arbeidd eller selt gåvebrev, og at kvar elev skulle samle inn 400 kroner.  Målet var å få inn 65 000, noko elevane klarte med god margin.


På NLM sine nettsider står det at målet for heile bygdeutviklingsprosjektet er å samle inn 250 000 kroner. Med pengane frå Lundeneset er 170 000 kroner av dette no dekka.


- Det er heilt fantastisk at ungdom bruker tid på å samle inn pengar til andre som ikkje har det så bra. Eg håper elevane kjenner at det er godt å vera med og bidra til å gjere verda meir rettferdig, seier informasjonskonsulent i NLM, Elise Haugland.


I fjor gjekk inntektene frå «Gi-en-dag» til svoltramma i Pokot i Kenya. Då var resultatet om lag 62 000 kroner.

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene