logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Vil ha meir statsstøtte til privatskular

Helge Johan Stautland 16. september 2010
Statsstøtta til privatskular er for låg og bør aukast. Det er hovudbodskapen til ein aksjon elevar og foreldre ved Tryggheim vgs har sett i gang.

Tusenvis av norske ungdommar er elevar ved ein privatskule. Men ein privatskule får berre 85 prosent av statsstøtta ein offentleg skule får, i tillegg får dei ingenting til bygg- og vedlikehald av skulen – den såkalla husleigestøtta.

-  Vi reagerer på forskjellsbehandling i dagens skule-Noreg, uttalar ein av initiativtakarane, Ruben Bakke på nettsida www.rettferdigskole.no.
-  Offentlege skular får full dekning til både drift og bygningar.  Foreldra til elevane i friskulane betaler skatt på same måte som alle andre. Dei aksepterer at det kostar noko ekstra å sende barna på friskular. Men forskjellen på finansieringa av offentlege og private skular som no eksisterer, er urettferdig og urimeleg, held han fram.
Elev-/foreldregruppa meiner statsstøtta må aukast til 90 prosent, i tillegg vil dei at privatskulane skal få husleigestøtte tilsvarande halvparten av det offentlege skular år.

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene