logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Vision og vennehelg

Anne Karine Stautland 23. mars 2011
Ei innhaldsrik og vellukka helg på Lundeneset er over. Me har hatt besøk av både Vision-team og nye søkjarar til skulen.
347
Frå avslutningsmøtet søndag føremiddag. Foto: Anne Karine Stautland

Sist torsdag var gymsalen på Lundeneset rigga om til ein stor møtesal. Scene, lys- og lydutstyr var på plass, og Vision-teamet kunne ønskja velkommen til det første av møta med tema “Løft blikket” denne langhelga. Fredag kveld var det ungdomsgudstenste på skulen, og då hadde òg deltakarane på Venne-helga kome.

Ei Vision-helg inneheld blant anna møte, song, “God morgon Neset”, seminar, kafé og sosiale aktivitetar. Teamet som besøkte oss i år held til i Bergen, og består av 20 talarar, musikarar, møteleiarar, forsongarar og andre medhjelparar.

I tillegg bidrog russen ved skulen med aktivitetar og opplegg.

Tilbakemeldingane på helga har vore positive. - Elevane synest det har vore veldig bra, seier ungdomsarbeidar Eirik Stensland, som òg kan fortelja om godt oppmøte i forbønsrommet.

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene