logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Voice of Joy varma

Kåre Vignes 7. desember 2011
Ute var det den kaldaste kvelden på svært lenge - inne varma Voice of Joy rundt 400 frammøtte med vakker song.
393
Lundeneset sin eigen Eirik Stensland er ein av fleire dyktige songarar i Voice of Joy.

Konsert med Voice of Joy er formidlingsglede, flott song og god stemning. Onsdag kveld vitja koret frå Karmøy Lundeneset - og rundt 400 personar kom til gymsalen for å oppleva vakker førjulssong. Fleire i koret har og gått på Lundeneset - og for dei vart nok kvelden ekstra gild. Gymsalen dei ein gong sprang rundt i var omgjort til smekkfullt konsertlokale.

Repertoaret denne kvelden var - naturleg nok - mest julesongar. Publikum fekk både høyra gamle klassikarar og ting dei nok ikkje har høyrt så mykje av før. Koret overbeviste med flotte tolkningar av juleklassikarane. Då konserten var ferdig, og det vart servert graut ute i gangen, var omkvedet om at dette måtte bli eit årvisst arrangement.

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene